Optima pH
Publisert 15/01/2023

Hudvask og hudpleie med låg pH – pH4 bevarer den gode og normale bakterieflora og gjev hud i balanse
“Naturen skal kun hjelpes for at dens egen kraft skal virke”-Hippokrates-

Optima spelar på lag med naturen og vår filosofi er at produkta våre skal ha effekt i samsvar med økologiske prinsipp. Det gjer me ved at me tek vare på huda sitt naturlege forsvar. Låg pH (pH4) og bruk av organiske syrer styrer bakterieveksten bort frå skadelege bakteriar og sopp, samtidig som ein tek vare på dei gode bakteriane. Då hjelper me huda til å hjelpe seg sjølv, og me får me ei hud i balanse.

OPTIMAKONSEPTET
• Alle Optimaprodukta har pH 4.
Hud i balanse har låg pH (4-6), rikeleg med feittstoff og ein solid normalflora.
pH 4 i Optima er viktig for å halda vedlike denne balansen og reparera hud som er i ubalanse. Organiske syrer er viktige ingrediensar for å oppnå dette.

• Hemmande effekt på skadelege bakteriar og sopp i Optima skriv seg frå innhaldet av organiske syrer. Dette er syrer som finst i naturen og i mange nyttige matvarer. Eddik, sitroner, tranebær, tyttebær, molter og rognebær er slike produkt. Det fine med desse syrene er at dei ikkje skadar dei nyttige bakteriane.

• Alginat er ein viktig ingrediens.
Optima er einaste hudpleieserien som inneheld alginat som blir produsert frå tang og tare. Alginat er ein kjent ingrediens i spesialbandasjar for sårheling.

Resultatet blir unike produkt som forsterkar huda sine eigne forsvarsmekanismar, bl.a. ved at hudvaskprodukta ikkje fjernar feitt frå hud og hår. Sjampoar og såper med høg pH fjernar feitt frå huda. Det er svært skadeleg både for folk og dyr. Ved pH under 4,5, og i nærvær av organiske syrer, får skadelege bakteriar problem med å overleva, mens den nyttige normalfloraen blir lite påverka.
Kilde: https://optima-ph.no/om-optima-ph-produkter-for-folk/

Flere artikler